Rammetelt-9-x-15-meter_large2.jpg

RAMMETELT

Rammetelt med 6 eller 9 meter breidde. Lengde vert tilpassa den einskilde sine ynskjer og kan byggast ut med modular på 3 og 3 meter lengde. Andre telt og teltdimensjoner på førespurnad.

 


Rammetelt-9-x-18-meter-Sogndal-2009_large2.jpg.opt377x283o0,0s377x283.jpg

QUICK - UP TELT

Quick-Up telta har ein standard storleik på 3 x 3  og 3 x 6 meter. Dei kan setjast saman slik du måtte ynskje. Dei er lette å montere. Perfekte telt for mindre arrangement som salstelt, messeutstilling, bursdagar, idrettsarrangement, og liknande. I det heile tatt praktiske telt når ein må ha på plass ei løysing raskt og effektivt.

Med våre telt sikrar du ei god atmosfære rundt arrangementet ditt og i tillegg sikrar du deg mot lei vind, sterk sol eller eventuelt regn. Med telt har du fleksible løysinger som gjer at du kan arrangere nærast kor som helst.


Bord-og-benkesett_medium.jpg

Stolar, bord og benker

Flotte og praktiske bord og benkar. Laga av solid trevirke, beisa og lakka. Passar dei fleste arrangement, men kanskje spesielt festivalar, messer, firmafestar, torgdagar, o.l.

Bordene er 220 cm lange og 80 cm brede. Benkene 220 cm lange og 25 cm brede.

Robuste og lette å sette opp. Et bord og to benker er beregnet å kunne gi 8 sitteplasser.

Kvite selskapsbord med plass til 6 personer. Passar perfekt saman med våre klappstolar. Gode stolar som kan brukast både inne og ute. Lette å handtere. God kvalitet, passar godt til våre kvite selskapsbord.

                            


IMG_1727.jpg

Golv

Med den danske patent har legging av golv blitt nærast ein leik. Det som før tok lang tid er no redusert vesentleg. Mindre tid betyr lågare kostnad for leigetakar.

Golvet er sett saman av solide sterke plastfliser på 49,4 x 49,4 cm. Gråfarga marmor "look". Dei er montert saman i 2 og 1 meters lengder og det er enkelt og greitt og tek kort tid å legge. Det er sklisikkert, men samstundes godt å danse på.

Der det er svært ujamnt underlag må det kanskje leggast ut strø eller jamvel byggjast eit golv av tre. Det er difor viktig for oss å få tilsendt bilete eller gjere ein synfaring for å sjå korleis ein skal best løyse det.

Hugs at golv gjev heile arrangementet eit kvalitetsmessig løft og fungerer perfekt uansett vær og vind. Det tålar ein støyt og kan like godt brukast ute som inne, f.eks. som gangveg inn i teltet. 

 


star_trading_party_lysk_de_-_16_lys_farvet.jpg

Lys og varme

Når mørket sig på er det viktig å ha tenkt på lys og lyssetting. Både inne i teltet og utanfor. Vi leverer det du treng. 

Sjølv om mange arrangement vert lagt til den varmaste tida på året, så kan det nokre gonger også bli litt kjøleg, spesielt om kvelden. Då er det godt å vite at vi har tenkt på dette og kan levere løysinga.